Det finns ulike størrelsar på CO₂ slokkerane 2kg, 5kg og 10kg. Størrelsen velger du etter eige behov. Har sjølv anskaffa meg ei på 5kg. Det som må gjerast med flaska før du kan bruke den, er å fjerne stigerøret i flaska, trykkteste den, og deretter få fyllt den. For min del gjorde dei denne jobben der eg kjøpte flaska (Safe Brannverm i Bergen). I tillegg satt dei på ein skruventil i staden for den trykkeventilen som sit der orginalt.
Du må også anskaffe deg ein trykkregulator som senker trykket på flaska til ønska arbeidstrykk. Kjøpte min regulator frå TESS. Kosta 750kr eks moms. Sikkert ikkje den billegaste på markedet, men dog god kvalitet.
For ei 5kg flaske klar til bruk betalte eg 600kr ink. fylling. Trur det kosta omkring 250kr for fylling. Dette er dog i bergen, men reknar med nokon i Oslo også tilbyr dette. Dette er det sikkert fleire på forumet som veit.
For dei som bur i bergensområdet, kan eg informere om at Safe Brannvern har liggande fleire 5kg flasker som er ferdig modifisert.
Her er eit bilete av flaska mi:
