Da har eg fått dei to induksjonsplatene, og har gjort nokre tester. Eg prøvde å sette platene heilt inntil kvarandre og sette kjelen oppå begge platene. kjelen dekte ca. 2/3 av plate overflata på begge plater, men det begynte å lage mykje lyd og kanten på kjelen som var i kontakt med plateoverflata begynte å raud gløde og vri seg slik at skjøyten mellom bunnen og kjelen opna seg. heldigvis såg eg detta tideleg og ingen stor skade blei gjort.
Rekner med at dette er fordi ikkje kjellen står langt nokk inn på plata. Noken som har tips til kva eg kan gjør?
Hvis eg hadde demontert platene så hadde eg kunne fått dei 2-3cm nærmare, men vil det funke.
Ser på bildene av protto sin kokeplate at kjelen der heller ikkje dekker 100% av plateoverflata, korleis har du fiksa detta?
Det er nok fordi kjelen ikkje dekkar heile spolen og du får indusert straum heilt i ganten av kjelen. Varmen som oppstår blir konsentrert og ikkje så lett å bli kvitt pga.varmeoverføringen ikkje er ideell heilt ute på kanten (den rustfrie plata i botnen er veldig tynn, og overfører varmen til ei aluminiumsplate innanfor som sprer varmen bedre enn rustfritt gjer).
Mine spolar har eg montert så nerme som mogeleg kvarandre og gryta mi dekkar alle tre med god margin. Om du opnar plata og tar ut spolen og monterar begge to så nerme kvarandre som mogeleg vil du dekke dei med ei gryte som har ein diameter tilsvarande diameteren på spolen x2. Glassplatene har eg berre lagt oppå toppen og dei ligg ikkje nødvendigvis direkte over spolen (elementet) under.
Du vil heller ikkje oppnå full effekt om du ikkje dekkar heile spolen med botnen av gryta.