Da har jeg sjekket litt opp med leverandører. Ser to problemer:
1. Behøver å justere oppskriften slik at man bruker malt man finner i norske butikker
2. Er usikker på temperatur/tid i stepingen da jeg ikke har gjort dette før
1. Du skal vel finne mesteparten av denne malten i norske butikkar då du godt kan nytte t.d. tysk malt sjølv om der står oppført engelsk og amerikansk. Eg vil tru at du først med mykje erfaring kjenner store forskjellar på malt frå dei ulike produsentane. (Håper dette var svar på spørsmålet ditt.)
Brede anbefalte at du tok ein minimesk med pale. Forstod på han at dette var dersom du skal nytte flaka bygg. Om du kuttar ut flaka bygg, kan du også kutte ut pale / minimeks og heller berre steepe. I så fall må du auke litt ekstraktmengdene forå oppnå same OG. Dette vil truleg bety litt mindre utgjæring enn ønskeleg, men pyttsann. Dette skriv du på kontoen for læring. Godt øl blir det

2. Sidan du bruker mykje godt rista malt vil mange anbefale å starte steeping i kjele med kaldt vatn. (Eg har ikkje prøvde dette.) Når du har oppnådd en temperatur på 70 grader må du vere obs på kor lang tid dui har brukt. Har du brukt 30 minutt så skal det vere tilstrekkeleg. Har du brukt mindre, må du fjerne kjele frå gryta og vente til det har gått minst 30 minutt. Du kan gjerne isolere kjelen med teppe e.l., alternativt gi det eit oppkok til 70 grader igjen når temperaturen nærmer seg 60 grader. Sjølv har eg berre steepa i 68 - 63 grader i 45 minutt, og har vore nøgd med resultatet. Eg har først nyleg gått over til all-grain, men har mange gode ekstraktbrygg på samvitet (ifølgje meg sjølv og kompisar, sjølv om eg nok er meir kritisk enn dei fleste til mine eigne øl. Men det skal ein også vere, for å få ei stadig utvikling / forbetring.

)