Det er vel vanleg å enten røre eller sirkulere?
På store anlegg har dei gjerne ei steamkappe utanpå mesketanken og tilfører varme på den måten. Då går røreverket for å fordele varmen i heile mesken.
Om du resirkulerar kontinuerleg er det eit poeng å ikkje røre for djupt iallefall. Mest sansynleg vil det vere litt bortkasta i heileteke.
Poenget med HERMS er at du må styre tempen på vatnet i HLT, og ha lang nok spiral/låg nok flow til at vørteren som kjem ut av spiralen har samme temperatur som vatnet.
Det er absolutt eit poeng å overvåke denne tempen, men avlesningen til PID'en bør skje inne i tanken.
For å unngå temperatursjikting i HLT kan det vere aktuelt med eit lite røreverk her, eller ei lita sirkulasjonspumpe.
Og så kan det vere verd å tenke på at om du skal stegmeske, eller rampe opp til utmesk, må du tilføre nok energi til å varme heile volumet av HLT + malt og meskevatn. I morsetning til RIMS der du berre varmar malt og meskevatn.
Når du fyrer med gass må du også huske på at flammane/varmen sleiker oppover sidene på kjelane og tenke på eventuelle tilkoblingar for varmeelement, isolasjon, pakningar for gjennomføringar, kuleventilar osv.
Og sjølvsagt avtrekk og tilførsel av friskluft om du vil stå inne.
Mykje å tenke på, men ein spennande prosess
