Hjemmebryggerbutikk i Bergen

Norbrygg fikk følgende melding fra butikken Vestbrygg i Bergen:

Det vil snarleg opne ein butikk dedikert til ølbrygging i Bergen. Butikken vil vere lokalisert på Danmarksplass (i Fjøsangerveien 18, red. anm.), i gangavstand frå sentrum. Me vil føre eit godt utval av maltsortar frå Thomas Fawcett, som kan kjøpast heil eller knust. Me vil også ha eit utval av humlesortar, både engelske, tsjekkiske, tyske og amerikanske. Me vil også selje gjær frå WhiteLabs og ein del utstyr for brygging.  Medlemmar i Norbrygg vil sjølvsagt få rabatt.

Butikken vil starte i det små, derfor vil me i byrjinga ikkje ha like stort utval som andre bryggjebutikkar. Me ønskjer likevel å kunne tilby like gunstige prisar og like god service. Denne butikken er meint, i første omgang, som eit tilbod til bryggjarar i bergensområdet. Dette betyr i praksis at me har butikkutsal, og ikkje noko nettbutikk.

Tanken bak butikken er å kunne tilby bryggjarar i bergensområdet malt,  humle og utstyr utan fordyrande frakt. Me ønskjer også å vere behjelpelig for personar som er nysgjerrige på brygging som hobby, ved å tilby råvarer og kompetanse på same stad. Nettsider med innhald og prisar samt meir info om oppstart o.l. kjem seinare.

mvh

Birger Storaas
Vestbrygg

 

 

 Det opplyses om at rabatten for Norbryggs medlemmer blir 5 % på alle varer. Butikkens nettsider vil snart være i drift.

For kart se her.