Vestbrygg utlyser juleølkonkurranse

Vestbrygg ønskjer å lage litt øl-moro i førjulstida. Me invitere derfor heimebryggjarar i bergensregionen til å komme med bidrag til ein konkurranse i bryggjing av juleøl. Konkurransen vil vere temmelig uformell, med fokus på bryggjeglede. Kriteria som vert lagt til grunn er som følgjer: Godt øl som varmar i mørketida.

Reglar for innlevering:
1. Ølet må  leverast i butikklokalet i opningstida. Adressa er Fjøsangerveien 18, 5053 Bergen. For kart, klikk her.
2. Det er inga krav til flasketype, men det skal leverast to like
eksemplar av kvart bidrag.  Flaskene skal ikkje ha etikett, eller
andre merke.
3. I tillegg til ølet skal det leverast med eit ark der det står; namn på bryggjar, namn på ølet, ingrediensliste, OG og FG, samt kontaktinfo på bryggjaren.

Frist for levering av bidrag er laurdag 10 .desember.

Dei tre beste bidraga vil verte annonserte kort tid etter, og kan skilte med å vere vestlandets beste juleøl. Det beste bidraget vil verte lansert som eit Juleøl-Vestbryggjesett i butikken neste jul. Vinnaren vil også motta eit gåvekort frå butikken på 500,-.

Mvh.
Birger Storaas
Vestbrygg

 

Vestbrygg