Statsbudsjettet

Vi i Norbrygg har sett nærare på korleis regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2019 påverkar heimebryggarar og Norbrygg.

For Norbrygg, og alle andre frivillige organisasjonar, er det ei god nyheit at ordninga med momskompensasjon vert styrka. Vi reknar med at dette utgjer i underkant av 10.000 kr i auka støtte for Norbrygg, samanlikna med 2018.

Mange heimebryggarar kjøper utstyr frå utlandet og nyt godt av den tollfrie grensa på 350 kroner for import av varer. Denne grensa har vorte meir omstridt i det siste, og det er no fleirtal på Stortinget for å oppheve ho, men regjeringa foreslår at grensa skal vere uendra.

Helsedirektoratet sine støtteordningar for frivillige organisasjonar vert ikkje inflasjonsjustert og har uendra beløp. Norbrygg får ikkje pengar frå desse ordningane, men mellom anna Vit hva du drikker-prosjektet er finansiert frå Helsedirektoratet.

Dei fleste råvarer som heimebryggarar treng er det ikkje andre avgifter på enn meirverdiavgift. Dei varene som har særavgifter får desse inflasjonsjustert:

  • Eingongsavgift på glas- og metallemballasje justerast med 1,6% fra kr 5,79 til kr 5,78.
  • Sukkeravgifta på reint sukker justerast med 1,5% frå kr 7,93 til kr 8,05.

Dei generelle alkoholavgiftene er og justert med 1,4% og 1,5%.