Laurdag 9. mars inviterer Ørsta og Volda Bryggarlaug til bryggarmeisterskap. Det er ei konkurranse der lokale heimebryggarar serverer smaksprøver på sine beste og mest spennande øl, og publikum er med å kårar vinnaren! Kva du legg vekt på når du avgir stemme er heilt opp til deg, og smisking må påreknast!
I tillegg til stemmer frå publikum vil det være kvalifiserte øldommarar til stades for å gi ei meir objektiv vurdering av øla.
I fjor var det venteliste blant bryggarane, og publikumsbillettar var utselde lenge før arrangementet!
Dato: Laurdag 9. Mars 18:00 – 23:00. (17:00 for bryggarar)
Inngang 350,- (førehandssal til medlemar i Ørsta og Volda Bryggarlaug 300,-)
Aldersgrense: Det er 18 års aldersgrense på arrangementet.
Ølsal: Det blir ikkje solgt øl under arrangementet. Heimebryggarar serverer smaksprøver. Øl serverast berre i utdelte smakeglas. Med unntak av øl som deltek i konkurransen er medbrakt alkohol ikkje tillete. Kommersielt framstilt alkohol er ikkje tillatt i lokalet.
Matsal: Det vil vere høve til å kjøpe mat inne på området. Meir informasjon om dette kjem.
Publikumsbillettar: https://orsta.kulturhus.no/program/bryggarmeisterskap-2019/
Påmelding for bryggarar: https://goo.gl/forms/swagFAX9r1ymtGPN2