Norsk Kornølfestival

Norsk Kornølfestival arrangerer Norges første og einaste festival for tradisjonell gårdsbrygging, kjent som «Kornøl» på bygda. Og vi blir på bygda, rettere sagt i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane, som er eit lokalt kraftsenter for kornølet.
07. og 08. oktober skal vi hente frem igjen dei gamle gjærstammene, såkalla kveik, som våre forfedre utvikla og brukte i fleire hundre år. Desse har vore undersøkt vitenskapeleg, og viser seg å vera heilt unike, sjølv i internasjonal samanheng. Bryggere i mange land kikker no mot Norge og våre gamle tradisjonar, og etterspurnaden på kveik veks internasjonalt. Norsk kveik selges no i både USA og Polen.
Pr dags dato har vi leita og funne 10 forskjellige kveik i Norge, ei utfordring, men vi finner stadig nye, berre i år har vi fått tak i 3-4 nye.Kvifor bruke kveik lurer du på?
Kva med å drikke heimebrygg to dager etter bryggedagen? Moderne heimebrygg treng fleire uker. Temperaturen treng ein heller ikkje vere redd for. Vanleg gjær tole ikke meir enn 25 grader, men kveiken gjærer fint heilt opp over 40 grader. Og ikkje minst smaken, som ikkje nokon utanlandsk gjær kan etterligna.
Dette er ein festival der gårdsbryggarane serverer deira til vanlig ukjente og utilgjengelige gårdsøl, eller nye bryggere som har fått tak i kveik, serverer sine nymoderne utgaver.
Gårdsølet vert brygga på måtar som er heilt ulike slik moderne øl vert brygga, og i USA har mange heimebryggarar no byrja kopiera det vestnorske kornølet. Bli med på oppskåk og sjå korleis våre forfedre gjorde det, eit dypdykk i historien både med og uten nye impulser.
Det vert også foredrag av ølekspertar fra Oslo og Stjørdalen.
Og selvfølgelig skal vi smake på ekte kornøl!!
Skroll til toppen